Arilds corner

Herleg sommartur avslutta årets sesong

Sesongen 2016/2017 er over. Kulturdryss 2017 og sommarturen til Grenland og Sørlandet vart nye høgdepunkt i ein sesong som for det meste har vore fylt av masse glede, fellesskap og sterke musikalske prestasjonar.

Kan det bli bedre enn dette?

Avslutningskonserten under Sea Side Soul i Sparebanken Møre Arena søndag ettermiddag vart eit fantastisk punktum på kanskje tidenes største korhelg for unge koristar i Ålesund. Kremen av norske musikarar + ein amerikanar på Hammond danna kompet. Det heile toppa seg med 400 koristar i eit gedigent masschoir. Topp lyd og herleg engasjement frå kor, solistar, band og publikum! Eit 30-talls responsarar fekk ei travel, men inspirerande helg både på scena og med ei rekkje andre oppgåver. Takk til Aalesund Soul Children & Teens med Vidar Åsebø i spissen for dette kjempebra arrangementet!

Tusen takk!

Sist søndag fekk Arild overrekt Kongens Fortjenestmedalje i sølv. Han takkar slik: Tusen takk til alle som har bidratt til denne medaljen; mi kjære Solrun og resten av min kjære familie, alle som har vore og er med som vaksenleiarar i Respons, forsamlinga på Emblem bedehus, AaFK, alle andre som på ulike måtar har vore til hjelp, støtte og inspirasjon og alle som har vore og er med i Respons - heilt sidan 1976. Takk til alle som på ulike måtar har gratulert meg med utmerkinga! Sist, men aller mest: Takk til Herren min Gud som har latt meg få gå i ferdiglagte gjerningar og velsigna meg med å la meg få halde på med ein så meiningsfull fritidssyssel! Tusen takk til alle som på ulike måtar bidrog til ein fantastisk dag sist søndag! Be blessed! Helsing Arild :-)

Takk for året 2014/2015 med Respons!

Respons har no ferie. Etter ein flott sommartur har vi tatt farvel med nokre fantastiske responsarar som skal "ut i verda" til studier, bibelskole, folkehøgskole, militæret, jobb osv. Vi andre møtest igjen mandag 17. august til ny sesong. Takk til alle som på ulike måtar har støtta Respons i året som ligg bak! Det gjeld alle som ber for oss, sponsorar, bidragsytarar på andre måtar, dei som har stilt opp med kaker og anna praktisk hjelp, andaktshaldarar, samtalehjelparar/forbedarar og Emblem bedehusforsamling. Takk til alle responsarar - koristar, band, solistar, teknikarar, dirigentar, styret, sjåførar, musikkleiarteam og vaksenteam inkl. ekstra turleiarar! Takk til alle som har sett og høyrt på oss i aksjon! Takk til Herren Jesus Kristus, som gir innhald til sangane våre og mål og retning på det vi held på med! Framleis god sommar! Be blessed!

Takk for ein flott sesong!

Årets sommartur med Respons er over. Det betyr også sesongslutt. For nokre er karriereren i koret over - iallfall som tenåring. Dei fleste har berre ein velfortent sommarferie.
Flere artikler »
RSS-feed på nyheter

Siste nyheter

Forbereder stor gospelkveld

Mandagskveldene går i disse dager for det meste med til å forberede den store gospelkvelden sammen med superkoret divisi og vårt eget flotte Aalesund gospelkor. Sett av fredag den 31. januar kl 20! Ik...

Aktive brukere

Arild Berstad skrev: «Gromgutta in action! Godt jobba, kara!»
en side over 3 år siden
Rinna skrev: «E det mulig å få sletta bildet av meg? Haha, ikke verdens heldigste bilde liksom..»
en side over 4 år siden
vattøy skrev: «er det en plass der pakke liste står?»
en side over 4 år siden
roger vivier sale skrev: «Respons skal spille inn den nye Fortuna-sangen - Ungdomskoret Respons roger vivier sale http://www.rogervivierparis.com»
en side over 5 år siden
Janne G Bjerknes skrev: «Vi syns turen til England virker veldig spennede.»
en side over 5 år siden
Marie skrev: «Jippi! Gleda mej :D»
en side over 5 år siden

Dette skjer framover i Respons

24jan
Fredag 24. januar

Heilt Liv 2020 - Bjorliheimen

- søndag 26. januar Bjorliheimen, Bjorli
31jan
Fredag 31. januar

Gospelkveld med divisi, Aalesund gospelkor og Respons

kl. 20:00-21:30 Emblem bedehus
3apr
Fredag 3. april

Palmegospel 2020

kl. 20:00-21:30 Emblem bedehus
25apr
Lørdag 25. april

Konfirmasjon - Emblem

kl. 11:00-12:30 Emblem bedehus
30apr
Torsdag 30. april

Natt til 1.mai-gospel, Blindheim bedehus

kl. 20:00-23:30 Blindheim bedehus
webløsning utviklet av mWEB