Takk for ein flott sesong!

Årets sommartur med Respons er over. Det betyr også sesongslutt. For nokre er karriereren i koret over - iallfall som tenåring. Dei fleste har berre ein velfortent sommarferie.

Alle tilbakemeldingane på årets sommartur til Sjøglimt i Ørje og til Liseberg i Göteborg er svært positive. "Det einaste negative er at dette er min siste sommartur med Repsons," var det ein som skreiv. "Alle var inkluderte og med. Turen skulle berre ha vart endå lenger," var ei anna tilbakemelding. Dette står i stil med det vi i vaksenteamet opplevde undervegs. Ein kjempeherleg gjeng med ungdomar som bidrog til at turen vart kjekk for alle. Dei to konsertane viste også fram Respons på sitt beste. Ingen tvil om at dette var ungdomar som likte å synge, spele, skru lyd og rigge lys - og alt det andre. Karane i lydfirmaet som styrte teknikken på St.Hans-arrangementet til Marker kommune, var mektig imponerte over nivået på dei unge aktørane. "At det går an å ha så mange dyktige solister fra ett sted!" sa dei etter konserten. Internt hadde vi fine samlingar. Oda og Kristian G hadde ord for dagen på ein gripande måte. Delekvelden ville nesten ingen ende ta. Sterke historier og vitnesbyrd gav oss alle mykje å tenke på og takke for. Fotball-turnering og kubbekonkurranse engasjerte mange. Alle synest å sette pris på berre det å ha tid til å snakke saman, spele kort, sjå VM-fotball på storskjerm, sitje i huska og huske i lag med fem andre og elles berre kose seg. Maten og vertskapet på Sjøglimt var i toppklasse. Og Runes scoop med å få booka ein super dobbeldekker buss frå Geiranger, var prikken over i-en. Sjåfør Rune trivdest godt bak rattet på denne, og vi alle trivdest godt med Rune som sjåfør! Elias B og Påls Radio Dobbeldekker skapte god stemning undervegs. Takk til alle som var med! Ein spesiell takk til vaksenteamet Robert, Ragnhild, Åse og Rune som sette av fem dagar til turen. Sesongen 2013-2014 er over. Vi har mykje gledeleg å sjå tilbake på. Mange fine konsertar og opptredenar står sentralt i minnet. Men også dei vanlege øvingane har vore gode møtepunkt i kvardagen. Spektakulære oppdrag som å synge på Color Line Stadion under kampen AaFK-Brann, samarbeidet med Indre Strøk på adventskonsert, konsert i lag med Voxing og innspeling og lansering av den nye Fortuna-sangen "Når vi tar seriegull" er nokre slike høgdepunkt. Men også julaftan på Emblem bedehus, 40-årsjubileumskonsert 3. juledag, konfirmasjon på Emblem bedehus og Kulturdryss 2014 er høgdepunkt. Og vi gløymer ikkje Silje Maria og konserten i lag med henne i Sykkylven, PitStop, gudsteneste på Emblem, superlaurdag på Skodje, samsynging med Marit & Irene, "Heilt Liv" på Orreneset, konserten i Valldal,  konsert for vatn i Kenya, Natt til 1. mai-gospel og 17.mai. Tusen takk til alle som har vore med og bidratt så flott! Særskilt takk til Mari, som snart reiser til Viken folkehøgskole. Takk for mange års innsats for Respons - som korist, solist, medlem i musikkleiarteamet og dirigent! Særskilt takk også til Sondre, som også blir folkehøgskoleelev på Viken - for fleire års innsats som korist, solist, CD-produsent og medlem i musikkleiarteamet. Stor takk også til Elisabeth, Magnus (også han Viken-elev til hausten!), Vilde, Karl Henrik, Sigmund, Kristina og Gerd Alice for herlege bidrag som solistar og koristar i fleire år, og som no skal "ut i verda". Det er kanskje fleire som vi ikkje veit om, og som fortener stor takk for innsatsen i Respons. Gi beskjed om det! Vilde har vore med i seks år og har eit fantastisk oppmøte på øvingar og opptredenar. Godt eksempel på særs trufast innsats for Repsons! Stor takk til dirigent og solist Marie og til solist og påtroppande dirigent Miriam. Begge to har vore med i musikkleiarteamet og held fram med det! Takk til vaksenteamet, kasserar Jofrid, forbedar Liva, andaktshaldarar Oddrun og Kai-Even og alle andre som har bidratt til en flott sesong - ikkje minst til kvar einaste responsar på sang, musikk, teknisk og styre og stell. Sist, men mest av alt: Takk til Herren Jesus Kristus for at Respons i det heile tatt finst! Den 18. august startar ny sesong. God sommar!

Kommentarer

Ingen kommentarer her. Bli den første til å kommentere!

Skriv en kommentar

Du må være innlogget for å kommentere.|Logg inn her

RSS-feed på nyheter

Siste nyheter

Øvelse, kveldsmat og styrevalg

Kveldens øvelse startet med gjennomprøving av sanger som vi skal ta med oss til Ljøsetra kommende lørdag. Vi fikk også møte responser-bror Nikolai Sundklakk, som holdt andakt, og avsluttet kvelden med...

Aktive brukere

Arild Berstad skrev: «Gromgutta in action! Godt jobba, kara!»
en side over 1 år siden
Rinna skrev: «E det mulig å få sletta bildet av meg? Haha, ikke verdens heldigste bilde liksom..»
en side over 1 år siden
vattøy skrev: «er det en plass der pakke liste står?»
en side over 2 år siden
roger vivier sale skrev: «Respons skal spille inn den nye Fortuna-sangen - Ungdomskoret Respons roger vivier sale http://www.rogervivierparis.com»
en side over 2 år siden
Janne G Bjerknes skrev: «Vi syns turen til England virker veldig spennede.»
en side over 3 år siden
Marie skrev: «Jippi! Gleda mej :D»
en side over 3 år siden

Dette skjer framover i Respons

20okt
Fredag 20. oktober

PitStop

- søndag 22. oktober Emblem bedehus
30okt
Mandag 30. oktober

Fakkeltog i Ålesund og arrangement i Ålesund kirke

kl. 19:00-21:30 Ålesund kirke
1des
Fredag 1. desember

Adventskonsert med Respons

kl. 20:00-21:15 Emblem bedehus
16des
Lørdag 16. desember

Korfest/julebord

kl. 19:00-23:45 Emblem bedehus
24des
Søndag 24. desember

Julaftengudstjeneste

kl. 14:00-15:15 Emblem bedehus
webløsning utviklet av mWEB