Takk for 2019-2020-sesongen!

Sesongen 2019-2020 er over. Frå midten av mars og til avslutning på St.Hans-aftan har korona-pandemien prega også Respons. Likevel kan vi seie at vi har hatt ein bra sesong. Før den nye sesongen startar, er det tid for å takke.

Først på takkelista står Robert Wolff. I heile ni år har Robert vore med i vaksenteamet i Respons! Med spesialansvar for korets økonomiske inntekter via søknadar o.l. har han sørga for at vi har hatt råd til ganske store investeringar og studioinnspelingar. Men like viktig har hans positive bidrag på andre måtar vore. Vi nemner medlemsregister, nettbaserte påmeldingar og andre ting som krev datakunnskap over gjennomsnittet. Aller viktigast og best har hans nærver på øvingar, teammøter og turar vore! Tusen takk, Robert! 

Så vil vi takke ei flott dame som etter at ho vart pensjonist vart med i teamet vårt! Det er Åshild Kopperstad. Minst annankvar mandag har ho vore disponibel for kormedlemene til samtale og forbøn. Med alle medlemene på bønelista har ho hugsa på oss alle. Utruleg verdfullt bidrag til Respons! Åshild har også vore med på turar og bidratt med andaktar og vitnesbyrd. Tusen takk, Åshild! (Aud Åkernes held fram i den oppgåva som ho og Åshild har hatt i lag)

Den neste vi vil takke er Hanne Skare Vorren. For seks år sidan starta ho som beskjeden, men dyktig korist. Dei siste åra har ho vore dirigent - og det på ein inspirerande og myndig måte. Med ryggen til eit publikum i tusental totalt sett har ho leia koret gjennom hundrevis av sangar. Tusen takk, Hanne!

Så vil vi takke alle som sluttar i Respons no. Spesielt nemner vi 01-arane! Ei fantastisk avslutning med dei fleste frå dette kullet fekk vi på gudstenesta på Emblem bedehus den 21. juni. Tusen takk! Takk til styret med Maria Åkernes i spissen og til musikkleiarteamet! Men også nokre andre som skal slutte av ulike grunnar, vil vi takke. Tusen takk! 

Til slutt vil vi takke alle kormedlemene for positiv innsats gjennom året! Takk til alle i vaksenteamet! Og velkommen til Nina Akslen Yksnøy og Pål Løvdal som dei to nye i teamet! Takk elles til støttespelarar på ulike måtar! Guds velsigning til alle!

Beklager, noe gikk galt. Kontakt leverandøren vår om problemet vedvarer.