Heilt liv med Respons på Emblem bedehus og Color Line Stadion

Det vart uavgjort på bana mellom topplaga AaFK og HamKam i går. Men på tribunen gjekk allsangen sin seiersgang, der Respons var invitert av AaFK til å piffe opp AaFK-hymna og Sunn Møring.

I lag med 5500 andre, inkludert powersangarane i Stormen og Aalesund Support og dyktige solistar, var det bra trøkk i lydvolumet på Color Line Stadion! Gjenåpningsfesten på CLS var eit faktum. Allereie tidleg på dag var responsarane i farta. På korets heimebane, Emblem bedehus, var det gudsteneste med presentasjon av konfirmantar. Koristar, solistar, band og teknikarar bidrog til ei flott og inspirerande samling der. Forsamlinga på Emblem bedehus har, som Respons, "Heilt liv" som parole. Dette vart tydeleg praktisert av bedehusets ungdomskor denne søndagen