Meiningsfull kveld på Gomerhuset

Han har bikka 70 år, men gründeren av NSP Aid er stadig like aktiv i arbeidet med å gi over 1000 foreldrelause barn og unge i Kenya ein god oppvekst. Gunnar Hamnøy er berre fantastisk med sitt flotte engasjement! Sist helg var Respons med på støttekonsert i regi av NSP Aid på Gomerhuset i Skodje i lag med ein trubadur som alltid leverer god musikk med sterke tekstar, Robert Tjomlid. Og NASP Aid-medarbeider Elisabeth Emblem gav oss fersk oppdatering etter besøk i Kenya. Takk til konferansiér og gründerson Per Gunnar, som inviterte oss med på dette! Ein meiningsfull kveld!