Støttekonserten: 40000 kroner til Ukrainahjelpen!

Takk til alle som kom på støttekonserten vår sist søndag! Takk til alle som har støtta Ukrainahjelpen med pengegåver! Inkludert støtten frå Ørskog Sparebank er det komt inn rundt 40000 kroner. Kvar krone kjem vel med, og det går fint an å gje framleis! Takk til Ukrainahjelpen ved Kurt André Henriksen, og takk til alle andre som bidrog til ein fin og meiningsfull ettermiddag på Emblem bedehus! Ikkje minst: Takk til alle frå Ukraina som kom og deltok, m.a. med nasjonalsangen sin! Ein av dei som deltok var Julia Grynik (bildet), som spelte så vakkert på el-flygel få dagar etter at ho flykta frå Ukraina. Vi gløymer heller ikkje dei to sjarmerande tvillingane som leste sine dikt utanåt! Og ei heller eit gripande intervju med Tanya Grynik. Til sist: Takk til Respons med kor, solistar, dirigentar, band og teknisk crew! Flott levert!