Respons – Sommartur 2010 til Valdres og Jotunheimen
Då er det på tide med litt info om årets sommartur. Talet på påmeldte er kome opp i nærare 80 med stort og smått og vi GLER OSS! Oppdatert info og program finn du her. Oppdatert 2.juni!
Prisen på turen er satt til 2600 pr. pers , 25% søskenrabatt, og det inkluderer nesten alt. Det einaste ein må pårekne i tillegg er kostnadar til ulike aktivitetar, turleiar til ”Eventyrisen”, ev heiskort for dei som vil koste støvet av alpinutstyret igjen, ol.
2600,- må betalast inn på kontonr. 5353.05.45608 innan 10 juni.
HUGS Å MERKE MED NAMN PÅ TURDELTAKAREN!!!!
Full pakkeliste vil kome ut på nettsida vår etter kvart, men nokre ting er lurt å tenkje på allereie. Vi skal på fjellet, vi håpar på nydeleg ver, men ullundertøy er nok likevel naudsynt. Likeså er gode fjellsko ( dei må tåle vann/snø og kunne brukast til stegjern), ei vind/vanntett jakke og ei god turbukse. Det er ikkje meininga at de skal springe ut å kjøpe dyrt utstyr til ungdommane, det fins gode klede og sko til ein rimeleg penge. Det er ikkje naudsynt å ha det dyraste ekstremutstyret på denne turen. Dei vil også trenge ein sovepose til overnattingane.
14. juni blir det ”Kulturdryss”, eit fint høve til å høyre Respons på sitt besteJ Kom og høyr!!! Etter konserten blir det foreldremøte med høve til å kjøpr litt kake og kaffe, siste info om sommarturen er tema.
Vi legg med eit program som vi trur er ganske riktig, men pårekn nokre endringar.
Mvh vaksenleiarane i Respons
Søndag 20. juni
1000 Avreise via Lesja/Slådalsveien/Våga/Valdresflya? Eller via Geiranger el Stryn?
1400 Nistestopp
1800 Ankomst Hedalen – middag og fordeling av soveplassar
2000 Gudsteneste i Hedalen stavkyrkje – Respons syng utan oppmikking, kun piano
2200 Delvis privat overnatting / overnatting på flatseng i Hedalen skule
Mandag 21. juni
0900 Felles frukost, evt. frukost i heimane
1000-1500 Korverkstad ilag med folka frå Vestre Aurdal:
Felles inspirasjonssamling med det som kan komme til å heite Vestre Aurdal Ten Sing (?). Presentasjon av Respons (organisering, nettsider, facebook, profil/innhald, musikalsk profil, årsprogram, video frå turar og klipp frå konsertar).
Felles korøving m/ oppvarming osv. (to-tre sangar til kveldens konsert)
Eigen samling for teknisk inkl. rigging til konsert
Evt. eigen samling for musikarar under delar av øvinga
Det blir lunsj undervegs, ca kl 1230.
1600 Middag
1700 Evt. samling for vaksenleiarar
1800 Lydprøver
1930 Konsert i Begnadalen kyrkje
Etter konserten blir det grillfest for alle!
2300 Overnatting som forrige natt
Tirsdag 22. juni
0930 Frukost m/nistepakke
1100 Ord for dagen / cellegrupper 1200 Avreise til Spiterstulen
1400 Stopp for matpakke m.m ved Gjende m/ utstikt til Besseggen
1600 Stopp på Lom
1800 Ankomst Spiterstulen – middag
1900 Romfordeling
2000 Kveldssamling m/kaker
2300 Stille på anlegget
Onsdag 23. juni
0730-0830 Fleksifrukost m/ordning av nistepakke og termos
0900 Ord for dagen – info om dagens opplegg
0930 Ut på tur (turopplegg er veravhengig)
1700 Middag
1800 Svømmebasseng/fritid
2000 St.Hans-feiring med bål og pølser
2200 Kveldssamling
2300 Stille på anlegget
Torsdag 24. juni
0730-0830 Fleksifrukost m/ordning av nistepakke og termos
0900 Ord for dagen – info om dagens opplegg
0930 Ut på tur (turopplegg er veravhengig)
1700 Middag
1800 Svømmebasseng/fritid
1900 Lydprøver
2000 Konsert på Spiterstulen
2230 Kort kveldssamling
2300 Stille på anlegget
Fredag 25. juni
0730-0830 Fleksifrukost m/ordning av nistepakke og termos
0900 Ord for dagen – info om dagens opplegg
0930 Ut på tur (turopplegg er veravhengig)
1700 Middag
1800 Svømmebasseng/fritid
2000 Kveldssamling med avskjedsintervju mm /delekveld
2400 Stille på anlegget
Laurdag 26. juni
0830-0930 Fleksifrukost m/nistepakke/termos
1000 Morgonsamling – cellegrupper
1100 Rydding/pakking/avreise
1300 Nistestopp på Grotli
1700 Middag i Stryn
1900 Lydprøver
2000 Konsert i Stryn kyrkje (Nedstryn kyrkje) - Sesongavslutning
2200 Avreise
2400 Til Emblem
Turopplegg:
- Galdhøpiggen frå Spiterstulen (5t+3t)
- Galdhøpiggen frå Juvasshytta
- Brevandring i Eventyrisen (Svellnosbreen)
- Alpint på Juvass
- Rafting i Gudbrandsdalslågen (usikkert)
- Fotosafari i Visdalen
- Evt. andre turar
Kommentarer (2)
Skriv en kommentar
Du må være innlogget for å kommentere.|Logg inn her


»
»
»
»
17 innlegg
siden 15. feb 2010
Sigve Ferstad 3 måneder siden
Det skal bli flott5 innlegg
siden 13. feb 2010
Kåre 3 måneder siden
Eg og synast det skal bli flott!