Lurer du på å bli med i Respons? Ikkje utsett debuten!
Er du interessert i å bli med i Respons, bør du komme på øvinga allereie mandag 23. august. Den 6. september er siste frist for opptak for resten av sesongen 2010-2011.
Det er fleire grunnar til det. Den eine er CD-innspeling. Den som skal vere med på den, må ha minimalt med forfall og komme i gang med sesongen straks. Den andre grunnen er sommarturen neste år. Koret vil ha aktivitetar gjennom året som får ned prisen på turen betydeleg. Å melde seg inn i koret ut på nyåret og rekne med å få same pris som dei andre, er ein dårleg idé. Det blir urettferdig i forhold til dei andre. Den viktigaste grunnen er likevel denne: Jo før jo heller! Det er mykje lettare å begynne i koret når mange andre også gjer det. Masse info, nye sangar, mange å bli kjend med osv. Berre unntaksvis vil vi ta inn nye medlemer etter den 6. september. Og då skal grunnen til det vere god. Velkommen til Respons-oppstart!
Kommentarer
Ingen kommentarer her. Bli den første til å kommentere!
Skriv en kommentar
Du må være innlogget for å kommentere.|Logg inn her

og hele koret, og nå er vi klar for englesang