God sommar!

"Ein gong responsar - alltid responsar!" er fast uttrykk når vi takkar avtroppande responsarar for laget. Slik var det også i år, då vi takka av heile 14 "gamle" responsarar på hotellet vårt i Hannover. Endå ei vemodig avskjedsstund var eit faktum. Men etter ein lang og god sesong - og ikkje minst ein flott sommartur, har vi god grunn - både dei avtroppande og alle andre - til å takke kvarandre og Gud for nok eit fint Respons-år!

Frå Peschiera del Garda
Frå Peschiera del GardaFoto: Arild

Sommarturen er over. Alle som var med, bidrog til at dette vart ein minneverdig tur med masse høgdepunkt. For mange vart vel konserten i Nürnberg eit utadretta høgdepunkt med fleire ekstranummer og kjempegod respons frå dei mange frammøtte i den store St Ludwig kirche. Særskilt takk til Nadja som har ordna alt det praktiske i samband med denne konserten! Det var også fint å møte Maria M igjen der. Men også dei andre konsertane - både dei planlagde og dei spontane - var fine utadretta opplevingar. Men årets sommartur inneheldt så mange andre høgdepunkt, det er nok å vise til bilder og helsingar som etter kvart blir lagt ut på ungdomskoret.com. Eit høgdepunkt var det å få ta imot følgjande uttale frå Color Line ombord på Color Fantasy: "Dere ledere har grunn til å være stolte over ungdommene som dere har med på tur. De er helt eksemplariske! Helt fantastisk med så mange som 120 personer på tur med oss og ingen ting negativt er meldt!" Takk til alle for det! Takk til vaksenteamet med Ragnhild, Åse, Marianne, Asbjørn, Jarle, Peter Inge, Roald og Oddrun og ungdomsteamet med Håkon, Simon og Mathias for ein kjempeflott jobb før og under turen! Med eit så bra fellesskap er det triveleg å vere ansvarleg leiar! Takk også til våre dyktige sjåførar Kai-Even, Idar og Arvid! Takk til SI-Reiser v/Corina Klokk for proff og god hjelp med turopplegget!

 

Takk til det faste v-teamet for stor innsats gjennom heile sesongen! Særskilt takk til Julie, som no kallar seg "gamledirigent" allereie, for tre år som dirigent! Du har vakse med oppgåvene. Fleire av storslagerane på repertoaret er det du som har komt med og øvd inn med stor entusiasme. Til hausten er det Ingrid Steffensen og Mari Gisnås som skal dirigere koret. Simon Molvær Grimstad får ansvaret for talentutvikling med vekt på solistar. Dette skal bli bra! I august reiser Ingrid og Mari til Viken Folkehøgskole på dirigentkurs i regi av Acta Normisjon. Takk til Eskild og Jon Georg for flott jobb med websidene våre! Når Jon Georg no reiser til Kongshaug, må vi ha ny webjournalist inn i staden. Sjå for øvrig forsida opp til høgre. Takk til Oddrun, Kai-Even og Anita for dei mange gode andaktane på øvingane gjennom heile året! Takk også til Liva for at du stiller opp annankvar mandag med tilbod om forbøn og samtale! Du er beviset på at det går fint an å ha ei aktiv rolle i Respons etter å ha fyllt 70. Takk til sponsorar og andre støttespelarar! Det kjem vel med!

 

"Ein gong responsar - alltid responsar!" er blitt eit velbrukt slagord - særleg ved sesongavslutning. Eg trur og håpar at dei fleste som sluttar i Respons på grunn av alder og/eller flytting, ser tilbake på tida i Respons med glede og ikkje er redd for å ta med desse åra på CVen sin. Vi som har ansvaret for Respons ønskjer iallfall at tida i Respons skal gi noko verdifullt å ta med vidare i livet - anten det er av musikalsk, sosial eller åndeleg verdi. Aller helst alle delane i tråd med "Heilt liv"-profilen vår! God sommar! Blessings!

Kommentarer (2)

  1. #1
    Innlegget har blitt slettet av forfatteren
  2. 7 innlegg

    siden 13. feb 2010

    #2

    Erlend Andreas 10 måneder siden

    Alltid responsar her i alle fall!

    Og kjekt å lese om ein vellukka sommartur - atter ein gong. Ønske dåkke Guds velsigning over hausten som kjem!

Skriv en kommentar

Du må være innlogget for å kommentere.|Logg inn her

RSS-feed på nyheter

Siste nyheter

Ungdomskveld på fredag

Det blir Ungdomskveld i morgen, fredag 18. mai. Det skal bli god stemning så det er bare å komme!

17.mai-fest med to premierar

17. mai-festen på Emblem bedehus blir også i år sterkt prega av responsera. To premierar blir det: "Ain't no Mountain high enough" og "Gud signe deg, Norge" er klar for lansering på nasjonaldagen....

Aktive brukere

Oddrun skrev: «Dette blir bra!!! Gleder meg til å få lov til å sitte og høre på respons nok en tur, og få dele noe med dere. OG har dere prøvd magasuget i Bø? Det gir kick!!»
en side 2 uker siden
kine skrev: «eg savna Italia»
en side én måned siden
kine skrev: «det høres bra ut»
en side én måned siden
Arild skrev: «Flott, Kine! E også ser fram til storsamlinga 15.april! God påske! Husk at "My Redeemer lives!"»
en side én måned siden
kine skrev: «savna koret ser fram til storsamlinga !»
en side én måned siden
Ragnhild skrev: «Vi bør vel minne om oppmøtetidspunkt, men jeg har glemt det.»
en side én måned siden

Dette skjer framover i Respons

4jun
Mandag 4. juni

KULTURDRYSS 2012

kl. 19:00-21:30 Emblem bedehus
9jun
Lørdag 9. juni

Konsert i forbindelse med åpning av ny idrettshall på Borg (Respons-gruppe)

kl. 21:00-22:30 Idrettshallen på Borgund Folkehøgskole
10jun
Søndag 10. juni

Konsert på Sykkylvsdagane

kl. 14:00-14:45 Utescenen på Sykkylvsdagane
23jun
Lørdag 23. juni

SOMMERTUREN 2012

- torsdag 28. juni Norge

webløsning levert av MosaikkWEB