Takk for i år!

Ein svært aktiv desembermånad er snart slutt. Det same er året 2010. Juleprogrammet har gått fint, og Respons kan unne seg nokre dagar fri før nye øvingar og oppdrag ventar i 2011. Første øving er mandag 10.januar. Nye songar skal innøvast. Teknisk skal utvikle lyd og lys. Dansegruppa skal drille nye trinn. Spennande ting skal organiserastog planleggast. Det er berre å glede seg! 2011 har mykje å by på! Mykje meir enn Italia-turen i juni! Men før vi kjem til det nye året, vil eg dvele litt ved siste kveld med koret i 2010.

Kollasj laget av Jon Georg Fiske
Kollasj laget av Jon Georg FiskeFoto: Eskild Flydal, Sigve Ferstad, Jon Georg Fiske og Simon Grimstad

Det var på julefest og etterpå Nachspielkonserten 2010. Det skjer ein gong i året: Respons-familien samlast til mimring og oppdatering av siste nytt. På langt nær heile famlien kunne samlast denne kvelden. For nokre var juleferien for kort til det. Mine eigne kjære søner, Jostein og Einar, måtte tilbake til Oslo på grunn av jobb. Det same gjaldt nok for ganske mange – anten det var Oslo, Bergen eller Trondheim eller andre stader dei skulle til. Andre skulle på Explore KRIK-festival på Lillehammer. Responsarar på veg til slekt andre stadar i landet i romjula er heller ikkje så uvanleg. Og veldig mange har andre ting på programmet enn å komme på Nachspielkonsert med Respons. Omgrepet ”alltid-responsar” er nok ikkje like aktuelt for alle som ein gong har vore medlem i Respons. Likevel vart det ein flott finale også på årets Nachspielkonsert. Med over 40 års aldersforskjell på den yngste og den eldste, var det eit kjempekor som avslutta kvelden på 3.juledag.

 

Men før ”Il Grande Finale” varta den eine korgruppa etter den andre opp med songar frå dei siste tre tiåra. Herleg! Bandet varierte med dei ulike tidsepokane. I år var 80-tallstrommis Øyvind Haugen tilbake med trommestikkene på innerlomma og viste at gamle kunster ikkje var gått i gløymeboka – sjølv om han jobbar i ein … ja, nettopp bokhandel J Og sjølv om, som nemnd, Einar måtte vere i Oslo i staden for å handtere bassen på Nachspielkonsert, kunne eg glede meg over familiært samspel, all den tid mi kjære svigerdotter Maria sytte for trommespel på øverste nivå gjennom fleire tidsepokar under konserten. Simon Kjelsvik stilte sporty opp med flott bass-spel på, for han, kjende og ukjende songar. Elles entra dei podiet, Håkon og dei andre gamle og nye musikarane, solistane og koristane, ein etter ein! Jau, det vart ein flott finale på Respons-året 2010! Takk til alle som har vore med oss, tenkt på oss, oppmuntra oss, bedt for oss, støtta oss, hjelpt oss, sponsa oss og høyrt på oss! Gud velsigne dåkke! Og takk til Vår Himmelske Far som held oss og våre tider i si hand! Godt nytt år!

Kommentarer (1)

  1. 41 innlegg

    siden 15. feb 2010

    #1

    Sigve Ferstad over 1 år siden

    Takk for ett fint og innholdsrikt år Ser fram til det nye

Skriv en kommentar

Du må være innlogget for å kommentere.|Logg inn her

RSS-feed på nyheter

Siste nyheter

Ungdomskveld på fredag

Det blir Ungdomskveld i morgen, fredag 18. mai. Det skal bli god stemning så det er bare å komme!

17.mai-fest med to premierar

17. mai-festen på Emblem bedehus blir også i år sterkt prega av responsera. To premierar blir det: "Ain't no Mountain high enough" og "Gud signe deg, Norge" er klar for lansering på nasjonaldagen....

Aktive brukere

Oddrun skrev: «Dette blir bra!!! Gleder meg til å få lov til å sitte og høre på respons nok en tur, og få dele noe med dere. OG har dere prøvd magasuget i Bø? Det gir kick!!»
en side 2 uker siden
kine skrev: «eg savna Italia»
en side én måned siden
kine skrev: «det høres bra ut»
en side én måned siden
Arild skrev: «Flott, Kine! E også ser fram til storsamlinga 15.april! God påske! Husk at "My Redeemer lives!"»
en side én måned siden
kine skrev: «savna koret ser fram til storsamlinga !»
en side én måned siden
Ragnhild skrev: «Vi bør vel minne om oppmøtetidspunkt, men jeg har glemt det.»
en side én måned siden

Dette skjer framover i Respons

4jun
Mandag 4. juni

KULTURDRYSS 2012

kl. 19:00-21:30 Emblem bedehus
9jun
Lørdag 9. juni

Konsert i forbindelse med åpning av ny idrettshall på Borg (Respons-gruppe)

kl. 21:00-22:30 Idrettshallen på Borgund Folkehøgskole
10jun
Søndag 10. juni

Konsert på Sykkylvsdagane

kl. 14:00-14:45 Utescenen på Sykkylvsdagane
23jun
Lørdag 23. juni

SOMMERTUREN 2012

- torsdag 28. juni Norge

webløsning levert av MosaikkWEB