God jul!
570 personar var samla i Emblem bedehus då årets julaftangudsteneste starta. Gjallarhorn hadde då allereie innleia med kjende juletonar, Maria og Josef inntok "stallen" med Katrine Bjune og Johannes Kvangarsnes i rollene til tonar og ord frå Respons-bandet og Karoline og Benjamin. Respons strøymde på i eit einaste langt tog. Eskild og Eirin las juleevangeliet på vakkert vis. Prest Oddmund Måseide fortalde varmt om juletonen som vart borte, men som kom til kvart menneske som vil ta imot den. Birgitte Velsvik sang "O helga natt" slik at folk endå ein gong fekk gåsehud. Skal ordet verdensklasse brukast i slike samanhangar, så er det på sin plass her. Marius, Eskild, Ragny og Kristine L. leverte flotte soloar og Respons følgde nydeleg opp. Så då Katrine og Johannes takka dei frammøtte i "stallen" inkludert sjarmerande unge, vise menn og hyrdar med sin vakre duett, og Asbjørn og Arvid med kor ønska folket "God jul", var alt som det skulle vere! Ein særskilt takk til Birgitte som stilte opp og sang "O helga natt" for tiande gong på rad like gratis som alltid! Mange seier at bedre kan det ikkje bli! Spesiell takk også til Håkon som var tilbake i bandet på sax og alle andre som bidrog så flott til denne innleiinga til julehøgtida! 3. juledag er det julefest med stor NACHSPIELKONSERT! Vi ønskjer alle ei velsigna jul med refrenget "Jesus lever, derfor kan vi ønskje deg GOD JUL!"
Kommentarer
Ingen kommentarer her. Bli den første til å kommentere!
Skriv en kommentar
Du må være innlogget for å kommentere.|Logg inn her

ser fram til storsamlinga !»