Respons-gruppe på Pit Stop: Flott debut av sju debutantar!
Det vart bortimot tidenes debut-kveld for Respons under åpninga av Pit Stop. Heile fire nye i bandet, to dirigentar og ein solist debuterte på sine områder.
Gitaristane Alexander Drabløs og Ole Magnus Strand, Kristian Tjomlid på perkusjon og Eirik Gisnås på bass er nye i bandet. Ingrid Hauge Steffensen og Mari Gisnås dirigerte responsera offentleg for fyrste gong, og Lasse Honningsvåg sang solo på "Whole". Alle leverte flott! Det same gjorde koristane som var med. Kvelden var elles fylt av lovsang leia av ei særs godt team av musikarar og sangarar frå Godøy. Sterk var også den utfordrande talen av Andreas Evensen. Laurdag held Pit Stop fram med seminar om pornografi kl 1700 og om bibelforståing og det å vere kristen blant ikkje-kristne kl 1815. KL 2000 er det ungdomskveld og kl 2300 er det gospelnight. Dette blir debuten for sesongens utgåve av heile Respons.
Kommentarer
Ingen kommentarer her. Bli den første til å kommentere!
Skriv en kommentar
Du må være innlogget for å kommentere.|Logg inn her

ser fram til storsamlinga !»