Om ungdomskoret Respons

Respons er eit kreativt, kristent ungdomstilbod med vekt på sang og musikk. Eit mål er å gi ungdomane høve til å utvikle seg musikalsk, kreativt, sosialt/menneskeleg og åndeleg.

Målgruppe er ungdom fra 8.klasse og oppover.

Musikkstil og opplegg er i stor grad prega av ungdom. Ein del av korets repertoar er skrive av musikalsk leiar Arild Berstad. Resten er kjende og ukjende sangar som stilmessig spenner gospel, pop og jazzrock til blanding av ulike stilarter.

Koret har eige 6-manns band, og eig også eit eige lys- og lydanlegg som ei intern teknikargruppe på fem personar tar seg av.

Repons øver kvar mandag kl 1900-2115 på Emblem bedehus.

 

Koret held konsertar og opptrer i ulike samanhengar - mest på ungdomsarrangement, men også ved tradisjonelle "store begivenheter" som konfirmasjonar, på julaftangudsteneste, på 17.mai-arrangement m.m.

 

Respons er knytt til Emblem bedehus og er ein del av ungdomsaktiviteten i Emblem bedehusforsamling. Koret har ingen opptakskrav og legg vekt på lav terskel inn i miljøet. Våren 2022 har koret i underkant av 40 medlemer. Dei fleste er rekruttert frå indre bydel.

Årleg driftsbudsjett er på mellom 300.000 og 500.000 kroner, avhengig av lengda på sommarturane, innkjøp av nytt utstyr og andre prosjekt. Ein stor del av kostnadane blir dekka av eigenandeler (ca. 70 %).

Styret i koret består av 5 kormedlemer valgt av ungdomane sjølve, i tillegg til musikalsk leiar og ein voksenleder. Styreleiar våren 2022 er Åshild Hamnøy.

Kort historikk

Starta opp som sanggruppe i 1973 ved Ove Kvangarsnes, Lars Andreas Akslen og Birgitte Ulstein (no Kvangarsnes). Gruppa vart kalla Emblem kristelege ungdomskor frem til 1977, då fekk det namnet Credo. Medlemstalet i starten var ca 15. Auka til rundt 20 i 1976.

Arild Berstad kom til Emblem i 1976, og overtok den musikalske leiinga etter Ove Kvangarsnes. Med unntak av i 1978 og sesongen 96/97 har Arild leia koret sidan 1976 og gjer det framleis. "Vikarar" har vore Kjell Harry Akslen og Ragnhild Eide.

Koret endra namn til Respons i 1983.

Koret har opptredd på over 1000 ulike arrangement i heile Sør-Norge og turnert i Polen, Tyskland, Danmark, Sverige, Østerrike, Holland, Spania, Italia, Estland og Sveits.


Høsten2003 deltok Birgitte Velsvik og Respons med sangen "Oh happy day" i NRK-programmet Kjempesjansen, ledet av Dan Børge Akerø. Det holdt til rundens 2.plass og en fin sum premiepenger.

Respons fikk Ålesund kommunes Ungdommens Kulturpris i 1995.

Tippar du? Visste du at 5 % av det du spelar for, kan gå til Respons? Slik kan du støtte oss:

    1. Sei til kommisjonæren at du vil støtte Ungdomskoret Respons.
    2. Oppgi organisasjonsnummeret vårt som er 99 38 49 081.

 

Respons sitt kontonummer:

5353 05 45608
Din støtte vil komme vel med!

 

VIPPS: #83524