Viktig bidrag på viktig dag
Komande søndag skal Respons ut av "vår-dvalen" og opptre på konfirmasjonsgudstenestene i Spjelkavik kyrkje. Sesongens tidlegaste musisering startar med lydprøve kl 0900 og fyrste gudsteneste kl 1000. Men den som trur at det blir trøtt sang og musikk så tidleg på dag, tek sannsynlegvis feil. For Respons sitt bidrag på desse konfirmasjonsgudstenestene blir tatt på skikkeleg alvor av medlemene våre. Det har dei vist tidlegare år, og det er ingen grunn til å tru at det ikkje skal skje igjen. Dette er nemleg ein viktig dag for konfirmantane og familiane deira. Det veit responsarane. Difor er dei tre sangane som skal framførast på kvar gudsteneste, eit viktig bidrag på ein viktig dag. Til Respons: Sjekk kalendaren for informasjon om antrekk m.m.
Kommentarer (1)
Skriv en kommentar
Du må være innlogget for å kommentere.|Logg inn her



»
»
No virka systemet for bilder også sjekk ut bildene fra forrige øvelse også
»
1 innlegg
siden 31. mai 2010
Jacob Furnes Haram 3 måneder siden
Respons topper de hele!