Herleg sommartur avslutta årets sesong

Sesongen 2016/2017 er over. Kulturdryss 2017 og sommarturen til Grenland og Sørlandet vart nye høgdepunkt i ein sesong som for det meste har vore fylt av masse glede, fellesskap og sterke musikalske prestasjonar.

Sommarturen starta på St.Hans-aftan, med konsert på Strand leirsted om kvelden. Ungdomane imponerte stort! Etter nesten 11 timar i buss leverte dei med fantastisk, sprudlande trøkk i kor, solistar og band. "Stinn brakke" og veldig god respons frå publikum inspirerte nok dei på scena. Iallfall vart dette ei flott oppleving for oss alle som var med. Grenland folkehøgskole tok godt i mot oss med god mat og gode fasilitetar elles. Mellom anna var innandørs strandvolleyballbane perfekt for turnering inne og veret var ypperleg til kubbespel og aktivitetar utandørs. Søndagen gudsteneste i Langesund kirke vart prega av sangen og musikken frå Respons. Ei fin lovsangs og gospelgudsteneste i godt samarbeid med lokale prestar. Takk til både Strand leirsted og Langesund kirke for at vi fekk vere med på arrangementa der! Søndag kveld var det tid for delekveld og takk for laget-intervju. Jørgen, Eirin og Kristian T vart takka for lang og tru teneste i Respons. Stine Regina og Edvin skal gå vidaregåande skule andre stader enn på Sunnmøre og vart takka for sin flotte innsats den tida dei har vore med. Og Åse og Ragnhild (bildet i fotoalbum) måtte til pers med avskjedsintervju og fekk stor applaus etter 9 og 8 års fantastisk innsats i vaksenteamet! Mandag var det tur til Dyreparken. Alle såg ut til å kose seg mellom løver, gepardar, skiraffar og apekattar og - ikkje minst - dyra i Hakkebakkeskogen! Tirsdag kveld rulla bussane inn på plassen ved Emblem bedehus til ventande foreldre og familie. Turen og sesongen var slutt. Takk til alle som har vore med oss gjennom heile året: Styret med Eline i spissen, dirigentane Maria og Elida, teknisk crew med Olaf som sjef, bandet, solistar og koristar for tipp topp innsats, Åshild som forbedar og samtalepartnar, Jofrid som frivilleg rekneskapsførar og vaksenteamet - Åse, Ragnhild, Roald, Rune, Robert og Arild. Takk til alle andre som på ulike måtar har stilt opp: sponsorar, andaktshaldarar, Kai-Even og Oddrun, foreldre og andre som har bidratt med kaker og anna hjelp, Emblem bedehusforsamling og - aller mest: Herren Jesus Kristus, for alle velsigningar og inspirasjon og innhald til sangane våre! God sommar!