Kan det bli bedre enn dette?

Avslutningskonserten under Sea Side Soul i Sparebanken Møre Arena søndag ettermiddag vart eit fantastisk punktum på kanskje tidenes største korhelg for unge koristar i Ålesund. Kremen av norske musikarar + ein amerikanar på Hammond danna kompet. Det heile toppa seg med 400 koristar i eit gedigent masschoir. Topp lyd og herleg engasjement frå kor, solistar, band og publikum! Eit 30-talls responsarar fekk ei travel, men inspirerande helg både på scena og med ei rekkje andre oppgåver. Takk til Aalesund Soul Children & Teens med Vidar Åsebø i spissen for dette kjempebra arrangementet!

Beklager, noe gikk galt. Kontakt leverandøren vår om problemet vedvarer.