God jul!

Velsigna jul! I år var julaftangudstenesta tilbake i full versjon, med stappfult hus og glade og forventningsfulle folk i alle aldrar.
Takk til alle som bidrog så flott til denne samlinga; Maria Klokk Fremstad og Magnus Klokk Fremstad som Maria og Josef i nydelege duettar, Birgitte G. Velsvik med strålande versjon av "O helga natt", herlege barn som gjetarar og vismenn, den store gruppa frå Gjallarhorn som på ein flott måte leverte stemningsfull julemusikk i forkant og akkompagnerte allsangen under gudstenesta, Randi Lauvås som trygg gudstenesteleiar og tekstlesar, Arild Ove Halås som venleg hotellvert og gjestfri stalleigar, supre Respons med kor, solistar og band, Ane Sæbø som hadde stålkontroll på lydteknikken og Lars Iver Vikenes som lysteknikar på høgt nivå. Det heile vart avslutta på tradisjonelt og stemningsfullt vis med Arvid Lukkedal og Respons i sangen "God jul". Takk også til gudstenestevertar og parkeringsvertar. Utan dei hadde det nok blitt kaos. Til slutt - og mest av alt: Takk til Jesus, barnet i krybba som vart ein vaksen mann og frelsar for oss!
Fra krybben til korset gikk veien for deg.
Slik åpnet du porten til himlen for meg.
Velsign oss, vær med oss, gi lys på vår vei,
så alle kan samles i himelen hos deg!
Foto: Henrik Rødset