Rørande tilbakemeldingar på adventskonserten

Endeleg kunne vi ha adventskonsert for mange publikummarar! Fredag strøymde folk til Emblem bedehus og fekk med seg eit variert og innhaldsrikt repertoar, med vekt på julesangar. Ungdomspastor Nikolai Sundklakk hadde kveldens ord til ettertanke i adventstida. Konserten vart i år spesiell ved at vi markerte at vår aktive responsar Anna Bjørnerem (15) og alltidresponsar og vår avgjerande støttespelar i 46 år, Solrun Teigen Berstad (63) har reist heim til Jesus. Også to eldre karar som ikkje har vore med i Respons sjølve, men som i stor grad har bidratt som fedre til markante responsarar, Magne Emblem og Jarl-Idar Haugen, vart minna. I etterkant har vi fått mange gode og rørande tilbakemeldingar. Takk til alle som kom! Ein særskilt takk også No er det julaftan og julefesten vi øver fram mot. Vi ønskjer alle ei god adventstid vidare og ei velsigna jul!