Godt mottatt i Hardanger og Sogn

Årets sommartur er over. Respons har fått mange nye CD-lyttarar og superlativa sat laust etter mange opptredenar og to store konsertar.

Dei mange som deltok på sommartreffet til Indremisjonsamskipnaden sette stor pris på det ungdomelege innslaget frå Sunnmøre. Og konserten i Sogndal for ei godt fyllt kyrkje vart eit flott musikalsk punktum for ein innhaldsrik sesong. Sommarturen handla også om masse godt fellesskap internt og med andre. Mange vil nok hugse grillinga laurdag kveld ved ein stille Hardangerfjord og med ein vellukka konsert i den store hallen i Nordheimsund i friskt minne. Gatemøtet på torget i Nordheimsund i lag med Tore Thomassen var også noko som ikkje er daglegdags, sjølv for ein garva responsar. Og då snart 92 år gamle onkel Jon tok ordet på slutten av konserten laurdag kveld, var knapt ein einaste i den store idrettshallen uberørt. -Dette er som å vere i Himmelen, sa han, full av begeistring. Arilds onkel hadde køyrt bil heilt frå Auklandshamn på Karmøy for å vere med på sommartreffet og møte Respons og sin nevø. - Fortsett å leve med Jesus heile livet, oppfordra 92-åringen med glød i stemma. Salssjef for nye-CDen på turen, vaksenleiar Robert, kan melde om godt CD-sal. Over 70 CDar fekk nye eigarar på turen. Og det utanom kormedlemene sin salskvote. NRK Sogn og Fjordane laga eit eige innslag på radio før konserten i Sogndal med intervju med Arild og "Walk the talk" på lufta. God og positiv stemning prega elles sommarturen. Avskjedsintervju og takk til dei som skal slutte i koret høyrer også med til ein sommartur med Respons. Vi kjem tilbake til dette og oppsummering av sesongen seinare.

 

  

Beklager, noe gikk galt. Kontakt leverandøren vår om problemet vedvarer.