Venskap og glede
Nytt år, og nye utfordringer.
Koret skal no øve inn eit par songar, medan eg skal prøve å støtte nynorsken med litt nynorsk på verdsveven.

Måndag var det tid for den andre øvinga i år. Mange kormedlem stilte opp, og var klare for dyst.
Arild hadde sagt at vi skulle øve inn noko nytt, og det viste seg å vere Magnify, som har vore sunge tidlegare, og Lean on me, den songen som dei fleste kjenner som Lean on me, og ikkje den songen som Respons har sunge ei stund.
Begge songane kom fort inn hos koret, Simon Grimstad er tilbake i koret og stilte opp som solist på Lean on me, saman med Stine-Lise Hundsnes, desse fungerte meget bra i lag.
På Magnify er det også solistar, men desse får vi ikkje høyre før neste gong.
I den andre delen av øvinga var det mest kjende songar som vi har dreve med ei stund, koret låt veldig bra på denne delen.
Julie Askim, vår kjære dirigent, var ikkje tilstades, så eg og Stine-Lise måtte stille opp for og endre på transparentane, noko som gjekk greit, men kanskje Julie har teknikken betre inne.
Eg ser med glede fram til å sjå dykk alle neste måndag, ha ei flott veke!
Beklager, noe gikk galt. Kontakt leverandøren vår om problemet vedvarer.